Aursnesvatnet er med sine 2moh, det lavaste vatnet på Hareidlandet. Der er ingen elvar som renn inn i vatnet, og utløpet finn vi i fjøresteinane på vestsida. Sidan Selvågtunnelen åpna i 1977, er dette ei bortgløymt perle for dei fleste. Vegen rundt Selvåg er heile 4,3 km lang, smal og svingete. Sjølv hadde eg levd på øya i 43 år før eg ein dag fikk eit infall å køyre rundt tunellen, og dermed såg Aursnesvatnet, og for første gong. Det finnast også innfødde her ute. Om dei veit like lite om oss, som det vi veit om dei, rekk ein udrast over, før ein brått er tilbake på hovudvegen og hastar vidare. Når eg fortel folk om dette gløymde samfunnet bakom tunellen er det ingen som trur meg, men eg veit dei undrast når dei ser avkøyrsla før tunellen, og tenker: Ein dag skal eg svinge av her. Ein dag, men ikkje i dag.