top of page
Når nordavinden kjem med fineveret, er det knappast leveleg på Flø. Først når det spaknar på kvelden kjem fløfolket krypandes framfrå leveggen, eller hiv av seg termodressen. Då vert det også belønna med spektakulære solnedgangar, kun forstyrra av eit hundretals skodelystne som legg kveldsturen til Flø. Nordvesten vinterstid er også ein magnet for dei skodelystne, der båra har fri ferdsel frå storehavet. Tradisjonelt er det jordbuk og fiske dei har levd av å Flø. I nyare tid har turisme og fiskeoppdrett sørga for at fløfolket framleis klamrar seg fast mellom stormkasta.
bottom of page